I møte med Gud

Halleluja!
        Lovsyng Gud i hans heilagdom,
        lovsyng han i hans himmelborg!
        Lov han for hans mektige verk,
        lov han for hans store velde!
        Lov han med gjallande horn,
        lov han med harpe og lyre!
        Lov han med pauke og dans,
        lov han med strengespel og fløyte!
        Lov han med tonande cymblar,
        lov han med klingande cymblar!
        Alt som har ande, skal lova Herren.
       Halleluja!